Me kan tilby ein fantastisk flott jobb som pedagogisk leiar i Utsyn barnehage på Finnøy, berre 35 minutt frå Stavanger!
Utsyn barnehage er ein privat barnehage med utvida kristen føremålsparagraf. Norsk Luthersk Misjonssamband er eigar av barnehagen. Me har 2 avdelingar med barn i alderen 0 – 6 år. Ein dag i veka har me Open barnehage. Barnehagen har opparbeida ny leikeplass og har trivelege lokale. Me ligg i eit naturskjønt område med kort veg til sjø og skog. Barnehagen har faste gardsbesøk som er svært populære.
Barnehagens visjon: Barna skal kjenna at dei er GULL VERD!
Satsingsområde: Musikk, misjon og natur
Barnehagen søkjer etter 2 pedagogiske leiar i 100% stilling frå 29.07.2010
Me søkjer etter deg som:
trivest i eit allsidig og utviklande miljø
har evne til å tenkja nytt og meistra omstillingar
har evne til å engasjera barn og medarbeidarar
er kreativ og løysingsfokusert
trivest i lag med born
er ansvarsbevisst og strukturert
har god sjølvinnsikt og humor
har gode samarbeidsevne
er interessert i friluftsliv / fysisk fostring
har leiar- erfaring
Me kan tilby:
PBL-a sin tariffavtale
eventuell personleg avlønning
fantastiske barn
fantastiske foreldre
fantastiske medarbeidarar
ubeskriveleg flott natur
trivelege lokale
fagleg utvikling
fast stilling
barnehageplass ved behov
du får vera med og utforma din eigen arbeidsplass
Ta kontakt for ein prat eller besøk, så finn du fort ut om du vil trivast her!
Kontaktperson: Gunvor Nessa
Telefon: 51 71 22 98 eller 482 54 689
Mailadresse: utsyn
barnehage
no
Heimeside: http://utsyn.barnehage.no
Søknadsfrist 22/2 2010